“Min skole” føresett-app
I den daglege kommunikasjonen med skulen ønsker vi at alle føresette bruker appen “Min skole - foresatt” frå Visma. Her kan ein melde fråvær, motta informasjon frå skulen og sende meldingar.
Last ned appen “Min skole-foresatt” frå App Store eller Google Play butikk (gratis)
Klikk på “Logg inn med ID-porten”
Velg “Moreskule” - (IKKJE Heroy-no) - og klikk “Velg” oppe i høgre hjørne
Klikk “Ok”/”Fortsett” for å logge på med difi.no
Logg på med bankID eller annan metode du ønsker å bruke
Når du har logga på, vil du sjå eleven/-ane du er føresett for i appen
Slå på varsling for å ikkje gå glipp av informasjon!
NB! Dersom de ikkje lastar ned og bruker appen, vil meldingar frå skulen kome på e-post, då vi ikkje har sms-funksjonalitet i systemet vårt.