Søk om skuleplass
Søknaden om skuleplass nedanfor går til Møre barne- og ungdomsskule i Herøy kommune. Dersom de søkjer plass ved Møre barne- og ungdomsskule Ålesund eller Møre barne- og ungdomsskule Skodje, sjå lenke nedanfor til rett skule:
Møre barne- og ungdomsskule Ålesund: www.morealesund.no
Møre barne- og ungdomsskule Skodje: www.moreskodje.no
Litt om søknadsprosedyrane:
Ein søknad om skuleplass er uforpliktande og kan når som helst trekkast tilbake. Når de sender inn søknad, vil de få eit svarbrev pr post der vi stadfester motteken søknad. Her står det også kva nummer søknaden har, noko som gir ein peikepinn på om de vil få plass eller ikkje. Våren før skulestart, vil de verte invitert til skulen for samtale og omvising (dersom søknaden kjem etter hovudinntaket i mars, vil vi ta dette fortløpande).
På barnetrinnet er det 20 elevplassar i kvar klasse. På ungdomstrinnet er det 28 plassar. Alle kan søke om skuleplass, og så sant det er plass på det aktuelle trinnet, vil de få tilbod om skuleplass. Prioriterte søkjarar som søkjer innan 1. mars våren før skulestart vil kome "først i køa", deretter vert plassane tildelt etter rekkjefølge på søknadane (Førstemann til mølla).
Prioriterte søkjarar:
Barn av tilsette
Sysken til noverande elevar.
Vi tek som hovudregel inn elevar ved skulestart og fram til 1. september, med nokre unnatak. Sjå §4 i inntaksreglementet.