Jobbe på Møre?
Det er i underkant av 40 tilsette på Møre, noko som betyr at det jamnleg vil vere behov for nye tilsette, som lærarar, miljøterapeutar, assistentar, SFO-tilsette eller rektorar. I utgangspunktet ynskjer vi å ha draumelaget klart frå 1. august, og hovudtilsettingsprosessen går frå vi lyser ut stillingar for neste skuleår i januar/februar og fram mot sommaren. Det er likevel slik at gjennom skuleåret kjem det endringar som gjer at det stadig vil vere behov for nye kort i personalkabalen. Vi har derfor frå tid til annan behov for nye tilkallingsvikarar, lærarar, assistentar, miljøterapeutar, SFO-tilsette, rektorar eller andre stillingar i korte vikariat, vikariat ut skuleåret, lengre vikariat eller faste stillingar.
Kunne du tenke deg å bli med oss på å skape ein god kristen skule, eit godt arbeidsmiljø og ein skule der alle kjenner seg velkomne? Ta gjerne kontakt med oss! Kanskje er DU akkurat den vi treng akkurat no, kanskje er du ein vi treng ein gang i framtida, eller kanskje ligg di framtid ein annan plass. Vi har allereie eit solid lag på huset, men er stadig på jakt etter dei rette brikkene for å setje saman eit draumelag! Fortel oss gjerne litt om deg sjølv, kanskje er det nettopp du som er riktig brikke for oss.
Ta gjerne kontakt på post@moreskule.no
Ledige stillingar:
Ledige stillingar hausten 2025
Vi er inne i ei spanande tid, der det ser ut som skulen kan få ei god auke i elevtalet fra hausten av. Det gjer at vi ynskjer å lyse ut stillingar slik at vi kan setje saman eit best mogeleg lag for hausten 2025. Vi har eit generelt behov for å auke antal tilsette og det gjer at stillingane ikkje nødvendigvis er bundne til bestemte fag, trinn eller avdelingar. Det er behov for fleire tilsettingar, og det vil verte vektlakt korleis dei samla nytilsettingane utfyller dei eksisterande ressursene i kollegiet. Vi søker etter:
Lærar: 100% fast stilling og 100% mellombels (årsvikariat).
Assistent/miljøterapeut: 150% fast stilling (fordelt på to tilsette), 100% mellombels (årsvikariat).
Avdelingsleiar: 100% fast (sjå eigen utlysing) og 100% mellombels (årsvikariat), begge barnetrinn
Undervisningskompetanse, fagkombinasjon og personlege eigenskapar for stillinga vert vektlagt. Normalt vil det vere størst behov for kompetanse i basisfaga, samt spesialpedagogikk. Alle tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet med det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Vi tilbyr blant anna:
- eit fleirfagleg kompetansefellesskap
- medlemsskap i Statens Pensjonskasse (SPK)
- løn i tråd med tariff
-Gode undervisningslokale og gode rammer for undervisning
- unikt kollegafellesskap.
Søknadsfrist: 01.03.2025.
Søknad med CV sender du til post@moreskule.no. Den som blir tilsett, må kunne legge fram politiattest.
Kontaktinformasjon:
Rektor Knut Einar Tokheim på tlf. 70 08 05 50/481 70 106
E-post: post@moreskule.no
Arbeidsstad: Industrivegen 1, 6080 Gurskøy
Ta gjerne kontakt på post@moreskule.no
Avdelingsleiar: 100% fast stilling frå 01.08.2025
Stilling: 100% fast stilling som avdelingsleiar
Søknadsfrist: 14.02.2024
Startdato: 01.08.2025
Om skulen:
Møre barne- og ungdomsskule er ein kristen friskule sentralt plassert i Dragsund, midt mellom Ulsteinvik og Fosnavåg. Vi opplev at dette er ein svært god stad å jobbe! Vi legg vinn på å skape eit inkluderande og trygt miljø der elevane føler seg sett og høyrde.
Skulen består av to avdelingar: barnetrinn og ungdomstrinn. Samstundes er vi samlokaliserte og utgjer og fungerer som eitt kollegium.
Dei seinare åra har vi satsa mykje på å etablere eit fungerande rammeverk for arbeid i team. Skulen starta som rein ungdomsskule i 2006, men er no, etter fleire byggetrinn, ein fulldelt 1-10 grunnskule, med eigen SFO. Sentral plassering på ytre Sunnmøre, vanlegvis har vi elevar frå 5 kommunar i regionen.
Skulen sin visjon er bygd på dei 4 K-ane:
Kvalitet – i alt vi gjer
Kunnskap – om verda og fagstoffet
Kjennskap - til den kristne trua
Karakter – som menneske
Barnetrinn:
Ca 80 elevar, normalt mellom 10 og 15 elevar per klasse.
Vi legg vekt på tryggleik og trivsel.
Eleven si læring og utvikling står alltid i sentrum.
Satsing på uteskule.
Ungdomstrinn:
Ca 70 elevar, ei klasse per trinn, normalt mellom 20 og 28 elevar.
Fokus på trivsel, trygt miljø og god læring
Sterk “turkultur”
Alle elevane har kvar sin PC (Mac)
Vi tilbyr:
Gode løns- og arbeidsvilkår.
Eit moderne skulebygg med gode fasilitetar. Flott personalavdeling med utsikt til Sunnmøralpane.
Du vert ein del av skuleleiinga, og vil ha stor innverknad på eigen arbeidskvardag.
Rundt 35 engasjerte og dyktige kollegaer.
Om stillinga:
Stillinga som er ledig, er ein av to avdelingsleiarstillingar på barnetrinnet. Dei to avdelingsleiarane leiar kvar si underavdeling, småtrinnet og mellomtrinnet. Den utlyste stillinga er i utgangspunktet tiltenkt ansvar for mellomtrinnet, men dette er ikkje heilt fastlåst. Som avdelingsleiar er du ein del av skuleleiinga, der du representerer di avdeling, samtidig som du i di avdeling representerer skuleleiinga. Skuleleiinga består av rektor, avdelingsleiaren for ungdomstrinn, avdelingsleiar for mellomtrinn og avdelingsleiar for småtrinnet samt driftsansvarleg. Stillinga inneheld både administrative oppgåver (40% administrativt og 60% undervisning)
Avdelingsleiar si rolle:
Som avdelingsleiar ved Møre barne- og ungdomsskule har du ei sentral rolle den daglege drifta på barnetrinnet, med mellom anna personalansvar, ansvar for vikarhandtering og du vil ha ansvar for å leie og koordinere undervisning og pedagogisk arbeid. Skulen har vidare ein tydeleg kristen profil, og avdelingsleiar har ei viktig rolle i å formidle og integrere kristne verdiar i arbeidet på barnetrinnet.
Oppgåver:
Personalansvar for tilsette i avdelinga (8-10 personar)
Vikarhandtering i avdelinga (3 eller 4 klasser) i nært samarbeid med dei andre avdelingsleiarane. Det aller meste av vikarhandtering vert løyst ved bruk av fast vikar eller interne omdisponeringar
Leie det pedagogiske og systemiske utviklingsarbeidet i avdelinga.
Ansvar for timeplanar og vaktplanar i avdelinga
Støtte/rettleie lærarar i elevretta arbeid, og vere ein ressurs for dei i vanskelege saker.
Vi søkjer etter:
Ein avdelingsleiar som trivst i samarbeid med elevar, føresette og tilsette, som har eit sterkt engasjement for pedagogisk arbeid og skuleutvikling, og som er oppteken av å utvikle og oppfylle skulen sitt kristne formål. Du må vere løysingsorientert, kunne motivere og inspirere tilsette og elevar, samstundes som du har evne til å utvikle, implementere og ivareta gode system og rutinar.
Meir informasjon om skulen eller stillinga?
Rektor Knut Einar Tokheim
o Mob: 481 70 106
o E-post: knut.tokheim@moreskule.no
Send søknad med CV og referansar til post@moreskule.no
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vikariat: Miljøterapeut og/eller assistent i 100% stilling frå 01.01.2025 - 31.07.2025
Vi har ledig eit vikariat i 100% stilling som miljøterapeut og/eller assistent. Vi ser etter deg som har relevant utdanning frå høgskule (miljøterapeut) eller er fagarbeidar (assistent) eller erfaring som gir tilsvarande realkompetanse. Det er mogeleg at vikariatet kan verte forlenga til ei fast tilsetting.
Arbeidsoppgåver:
Arbeid med enkeltelevar i 1.-4. klasse i skuletida
Oppgåver på SFO utanom skuletid
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning frå høgskule (miljøterapeut) eller fagbrev som assistent
Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel
Tilsette ved skulen må kunne identifisere seg med, og arbeide aktivt for å fremje formålet med det kristne verdigrunnlaget for skulen.
Vi tilbyr:
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Moglegheit for fast tilsetting
Fleksibilitet i stillingsprosenten, vi er opne for å dele stillinga opp
Er du den vi leitar etter? Send oss ein søknad og fortel kvifor du passar til stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Ta gjerne kontakt på rektor@moreskule.no
Tilkallingsvikar
Ta gjerne kontakt på rektor@moreskule.no om du kan tenkje deg å stå på ringevikarlista vår. Som vikar må ein vere sterk på klasseleiing og relasjonsbygging, kunne møte elevane med eit smil, med respekt og med forutsigbare og trygge grenser. Sjølv om ein som oftast får eit vikaropplegg i handa, må ein vere klar til å både ta ting på sparket og å vere kreativ på å skape målretta og meiningsfulle timar på eiga hand.
Open søknad ?
Send gjerne ein open søknad med nokre ord om deg sjølv til rektor@moreskule.no dersom du har vore inne på tanken om at Møre kan vere ein aktuell arbeidsstad. Sjølv om det ikkje ligg ute konkrete stillingsutlysingar akkurat no, er dette noko som kan endre seg, både på kort og lang sikt. Kanskje er du/de på flyttefot den næraste tida, eller til neste skuleår? Ta gjerne kontakt, så tek vi ein prat!
Rektor
Er du vår neste rektor?
Eg, Knut Einar Tokheim, er tilsett i stillinga som rektor her på Møre barne- og ungdomsskule. For tida trivst eg utmerka i den stillinga. Eg har eit solid team rundt meg i form av dyktige avdelingsleiarar med personalansvar for sine tilsette, ein drift-/ikt-ansvarleg som kan fikse det meste, ein effektiv kontormerarbeidar med stålkontroll på system og ein drivande dyktig spespedkoordinator/rådgjevar. Det er både kjekt, givande, utfordrande og spanande å vere rektor her på Møre. Det kjem likevel ein dag der dragninga mot klasserommet vert for stor, og eg kjenner behov for å gå tilbake til ei stilling med meir undervisning. Vi er derfor på utkikk etter nokon som kan ta over rektorstillinga ein gong i framtida. Skulle rette vedkommande dukke opp, kan vi vere fleksible på tidspunkt for oppstart. Kjenner du nokon som du trur kunne vere rett person på rett plass i rektorstillinga her på Møre, tips gjerne oss og/eller vedkommande om døra som står på gløtt.
Ta gjerne kontakt på rektor@moreskule.no, eller ring 700 80 550