SFO
Barnetrinnet har SFO for dei yngste elevane, frå 1.-4.klasse. SFO er opptatt av å møte barna på kva dei likar å gjere og tilretteleggje ut i frå det. Populære aktivitetar er konstruksjonsbygging og ulike formingsaktivitetar, å sykle på sykkelbana og å leke i gymsalen m.m.
Kvar torsdag får barna eit grillmåltid, og den siste onsdagen i månaden feirer SFO bursdag med pizza og is. Elles har borna med eigen matpakke.
Telefonnr: 934 72 622
Opningstid
Skulen har SFO-tilbod kl.07.20 - 16.30 alle skuledagar.
Tilsette
SFO har assistentar, barne- og ungdomsarbeidarar og miljøterapeutar. Det er alltid 3-4 vaksne i miljøet i kjernetida.
Eli Beathe Ringstad er SFO-leiar
Innhald
Mat
Aktivitet i idrettshall, kjøkken
Stilletid
Fri og organisert leik ute og inne
Vedtekter
SFO har eigne vedtekter.
Prisar 2024/2025:
4.kl:
4.kl: Full plass, 12+ timar: kr 3520,- pluss matpengar
4.kl: Deltidsplass, 0-12 timar: kr 2730,- pluss matpengar
Matpengar: kr 100,- pr mnd. Vi har eit grillmåltid i veka og feirer bursdagar ein gong i mnd. Fire dagar i veka tek barna med matboks.
1.-3.kl har moderasjonsordning:
Deltidsplass: 0-12 timar: gratis + matpengar
Full plass 12+ timar: kr 1600,- + matpengar
SFO-prisen vert justert årleg ved behov