Ungdomstrinn
Ungdomstrinnet har ei klasse på kvart trinn, vanlegvis med 20 til 28 elevar pr klasse. Skulen opplever at elevane år etter år oppnår god læring og får utvikle seg fagleg og som menneske. Det er mykje trivsel i eit spennande og godt fellesskap med lærarar og medelevar.
Morgonsamling
Den kristne bodskapen vert formidla kvar dag - til lærdom, undring, refleksjon, samtale eller tru.
Skulepengar og stipend
Føresette betalar skulepengar, men ei stipendordning gjer at alle kan velje skulen, uansett økonomi.
Digital kompetanse
Lærarar og elevar får eigne bærbare Mac-ar.
Turar
Elevane er årleg på fleire turar og ekskursjonar, i tillegg til ein lengre skuletur på 10.trinn som oftast går til Polen. Skulen har ansvar for både økonomi, innhald og organisering.
Friminutt
Elevane har god tilgang til stort uteområde, idrettshall og eigen aula til fri disposisjon.
“Det er greitt å ha noko å tenkje på for dagen”
- Elev
“Møre barne- og ungdomsskule har vore ein utruleg flott skule for vår ungdom! Inkluderande, stimulerande og ein positivitet ut over det vanlege”